Projektdetaljer
Beskrivelse
Lesing handlar om langt meir enn at ei einsleg sjel avkodar bokstavar og tileignar seg kunnskap. Det er alle desse hendene – i bokstaveleg så vel som biletleg forstand – som transporterer tekstar – fysiske så vel som digitale - frå menneske til menneske.
Å skape lesekulturar handlar om å dyrke lesing som ein aktivitet vi menneske deler og som bringar oss samen med kvarandre og verda rundt oss. Levende lesekulturar er kjenneteikna av individ som identifiserer seg sjølve som lesarar, der ein utvekslar leseopplevingar med kvarandre i eit mangfald av fora, og der bøker og lesing blir synleggjorde. Lesekultur handlar om at lesing er ein sjølvsagt, dagleg praksis hos barn, foreldre, besteforeldre, vennar, lærarar, rektorar, studentar og assistentar. Det handlar om å la bøkene, fortellingane, tekstane sveve over, inni og mellom hovuda til alle.
Merksemda om lesing har ikkje vore sterkare på fleire tiår, og over heile Norden blir det no danna miljø som arbeider for å styrke og forske på lesekulturar. Nettverk for lesekultur vil skape ein møteplass der forskarar kan formidle forskinga si og utveksle idear og erfaringar. Vi ønsker å stimulere til felles prosjekt og å initiere samarbeid med lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar.
Nettverket spring ut av fagmiljøa for litteratur- og språkdidaktikk ved fagseksjon for norsk og har base ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Vi vil utforske kva for lesarfellesskap born og unge tek del i, og korleis skular og universitet kan skape sterkare lesekulturar. Vi rettar særleg blikket mot skule- og folkebibliotek og ønsker å bidra til kunnskap om korleis lesing kan praktiserast i skulen, på tvers av kjønn, alder og kulturell bakgrunn.

| Status | Igangværende |
|---|---|
| Effektiv start/slut dato | 15/05/25 → 31/12/34 |
| Links | https://www.ntnu.no/ilu/forskning/nettverk-for-lesekultur |